Vg2 Transport og logistikk

Elevane er utplasserte i sjølvvalde bedrifter, innanfor både transport og logistikk. Elevane frå ungdomskulane kjenner ofte godt til transportdelen av denne linja, men lite til logistikkdelen. Logistikkfaget er eit fag i vekst både når det gjeld jobbmoglegheiter og høgskulestudium. Vi oppmodar elevane om å undersøkje dette fagområdet meir.

All teoriundervisning i programfaga vert konkretisert med oppgåver der eleven skal finne døme i utplasseringsbedrifta.

Mange av elevane held fram som lærlingar i bedrifta dei var utplasserte i. Både transport- og logistikkfaget gir gode moglegheiter for vidare studie på høgskulenivå.

Kontakt

 

HenryA

Henry Arne Helle
Avdelingsleiar
Bygg- og anleggsteknikk
Service- og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Yrkessjåfør
57 67 64 09
908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no