Sogndal vidaregåande skule
Bilete syner hovudinngangen til Sogndal vidaregåande skule

Vi er klare til å ta i mot elevar

Torsdag gav regjeringa klarsignal om at alle trinn og klassar kan kome tilbake på skulen. Det er vi veldig glade for, og vi ser fram til å sjå at elevane er tilbake i løpet av veka.

På Teams finn elevane oversikt over kva dag eller dagar dei skal møte i veke 20. Alle elevar har minst ein dag på skulen. Fleire av yrkesfaga har fleire dagar med verkstad.

Plan for veke 21 og dei resterande vekene av skuleåret legg vi ut i løpet av neste veke. Vi treng litt meir tid til å lage ein god plan på det. Elevane må rekne med at det vert ein kombinasjon av vanleg skule og heimeskule resten av skuleåret.

Når elevane kjem på skulen, er det viktig at dei tenkjer på at dei skal:

  1. vere heime dersom dei ikkje er i form
  2. vaske hendene
  3. halde avstand

Ved alle inngangar står det antibac eller spritdispenser. Alle skal vaske hendene når dei kjem inn på skulen og når dei går frå skulen. I løpet av første dag dei er på skulen, får dei hygiene- og reinhaldsopplæring. Det er også laga smittevernrutinar for skulen som vi forventar at dei les. Regjeringa har laga ny smittevernrettleiar, og det er letta på smittevernkrava. Vi legg den ut på Teams også.

Vi klarer å ivareta smittevernreglane i alle klasserom, men vi er avhengige av elevane sin innsats for å klare det når dei er ute i mingleareala våre. Det er viktig at dei tek det med ro og tek omsyn til kvarandre. Skulen har veldig fine uteareal som elevane brukte lite. Vår oppmoding er at elevane kvar dag tek minst ein tur ut i frisk luft. Det er godt for kropp, hjerne og smittevern.

Kvileromma på skulen vert brukt som smitterom dersom tilsette eller elevar blir sjuke i skuletida. Dei vert vaska i etterkant av bruk. Vi lagar rutine for heimsending av elevar og kontakt med foreldre. Rutinen kan de lese her, og den vert også publisert på Teams.

Kantina er open, men med eit litt avgrensa vareutval. Vi opnar også opp for at elevane kan bruke borda i kantina, men vi tek vekk mange stolar slik at vi klarer å halde avstanden på ein meter. Vi gjer også endring på pausetidene. Yrkesfag har lunsjpause mellom klokka 10.45 og 11.15, og studie, idrett og media har lunsjpause mellom klokka 11.30 og 12.00. Det er viktig at elevane ryddar skikkeleg etter seg i kantina, slik at borda er ledige til nye som kjem. Før nye set seg ned, skal det reingjerast. Dersom vi ikkje klarer å gjere dette på ein god måte, må vi innføre strenge reglar for kvar elevane kan vere til ei kvar tid.

Frå måndag 11. mai skal skuleskyssen gå som normalt. Det vil vere redusert kapasitet i kvar buss, men vi ser at det likevel vil vere plass til alle sidan elevane er på skulen på ulike dagar. På grunn av smittevern, oppmodar vi alle som kan om å kome seg til skulen på andre måtar enn ved å bruke skuleskyssen.

Så ein klapp til russen. De har vore flinke å følgje smittevernreglane. Hald fram med å vere like flinke i veka som kjem. Vi planlegg eit russestyremøte måndag der vi gjer nokre forventingsavklaringar.