Hopp til hovedinnhold

Kombinasjonsklasse

Dette er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som treng meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring. Du får opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år, der du avsluttar med grunnskuleeksamen.

Tilbod for minoritetsspråkleg ungdom

Skuleåret 2023/24 har vi tre kombinasjonsklasser. Dei fleste av elevane hos oss vel å ta opplæringa over to år for på den måten å sikre at dei greier å fullføre vidaregåande skule.

Tilbodet omfattar til vanleg desse faga: norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag, naturfag, utdanningsval og kroppsøving. Etter å ha teke grunnskuleeksamen, er du betre rusta til seinare å starte på vidaregåande skule.

Elevane har ulik skulebakgrunn, og kan få inntak etter ulike vilkår.

·       Elevar som ikkje har skulebakgrunn frå heimlandet som svarar til norsk grunnskule, dvs. minimum 9 år med opplæring.

·       Elevar som har avslutta ordinær grunnskule i Noreg, men som på grunn av kort butid treng meir opplæring.

·       Elevar som kan dokumentere minimum 9 år grunnskule frå heimlandet, men som ønskjer/treng eit betre grunnlag før inntak til vidaregåande skule.


Kommunane må kartlegge språkferdigheitene til dei som søkjer.

Det ligg meir informasjon om tilbodet på Vestland fylkeskommune sine nettsider.

Søknadsfristen for inntak til kombinasjonstilbodet/GMU er 1. februar.