Sogndal vidaregåande skule tilbyr ni utdanningsprogram, og har omlag 800 elevar og 150 tilsette. Det meste av opplæringa er på Fosshaugane i Sogndal. Opplæring for yrkessjåfør er på Kaupanger.
Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for at det er eit godt psykososialt miljø på skulen, der kvar enkelt elev kan oppleve tryggheit og sosial tilhøyrsle. Eleven sitt psykososiale miljø dreier seg om korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre på skulen.