Teknologi- og industrifag

framsidebilete TI.jpg

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner, sveising og/eller produksjon basert på teknisk teikning i 3D, automatiserte prosessar og montering?

Startar du eit utdanningsløp på teknologi- og industrifag kan du seinare velje å utdanne deg innan mange yrke. Elevane som byrjar på teknologi- og industrifag ved Sogndal vidaregåande skule utdannar seg mellom anna vidare innan køyretøyfag, industrifag, oljebransjen, kjemiprosess, automatisering, anleggsteknikk, yrkessjåfør, logistikkoperatør og maritime fag.

Du som vel teknologi- og industrifag, bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre i yrker der helse, miljø og sikkerheit står sentralt. Interesse for og evne til å sette seg inn i ny teknologi er viktig i eit fag i rivande utvikling.

Les meir om Teknologi- og industrifag med moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no - teknologi- og industrifag  

Teknologi- og industrifag ved Sogndal vgs

Sogndal vgs har ei moderne avdeling med erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. På Vg1 og Vg2 vert utplassering i bedrift nytta som læringsarena. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og gir store moglegheiter til å vise seg fram for ein potensiell arbeidsgjevar.

Sogndal vidaregåande skule tilbyr desse kursa innan programområdet teknologi- og industrifag:

  • Vg1 teknologi- og industrifag
  • Vg2 Køyretøy
  • Vg2 Transport og logistikk
  • Vg3 Yrkessjåførfaget

Tilhøve ved skulen

Alle klassane held til på avdelinga for teknologi- og industrifag, her vert du fort ein del av eit stort fagmiljø. Det er kort veg til  dei andre yrkesfaga på skulen som blant anna Elektro og Bygg og anleggsteknikk. Skulen har store og flotte verkstadlokale.

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning: Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse, Fagskuleutdanning og/eller Ingeniørutdanning – Y-vegen.

Vg1 Teknologi- og industrifag

På Vg1 Teknologi- og industrifag ved Sogndal vidaregåande skule får du ein god blanding av praktisk og teoretisk opplæring.

Fag på Vg1 Teknologi- og industrifag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 12 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 6 timar pr. veke

Programfag

  • Konstruksjon og styringsteknikk, 5 timar pr. veke
  • Produksjon og tenester, 7 timar pr. veke
  • Produktivitet og kvalitetsstyring, 5 timar pr. veke

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer me gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Utplassering i bedrift
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Matematikk, 3 timar per veke
  • Engelsk, 5 timar per veke
  • Naturfag, 2 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Etter at du er ferdig med Vg1 Teknikk og industriell produksjon kan du velje mellom fleire fag på Sogndal vgs:

  • Vg2 Køyretøy
  • Vg2 Anleggsteknikk
  • Vg2 Transport og logistikk

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no - teknologi- og industrifag

På vg2 kan du velge mellom følgande retningar:

  • Køyretøy
  • Transport og logistikk

 

Vg2 Køyretøy

Du som vel å utdanne deg i køyretøyfaget møter både spennande vedlikehaldsarbeid og komplekse feilsøkingsoppgåver. I eit moderne køyretøy finn ein mykje elektronikk, og personbilparken vert stadig meir elektrifisert. Interesse for og evne til å sette seg inn i ny teknologi er viktig i eit fag i rivande utvikling.

Etter to år på skule er du klar til å gå ut i 2 års læretid. Linja har eit godt samarbeid med næringslivet og elevane er ute i praksis 3 dagar pr. veke i 8 veker gjennom skuleåret. Drift av ungdomsbedrift UB vert brukt som metode i den praktiske opplæringa.

Etter Vg2 kan du velje å utdanne deg innan:

  • Bilfaget, lette køyretøy
  • Bilfaget, tunge køyretøy
  • El- og motorsykkelfaget
  • Hjulutrustingsfaget
  • Motormekanikarfaget
  • Reservedelsfaget

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 9 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke

Programfag

  • Verkstadarbeid, 12  timar pr. veke
  • Dokumentasjon og kvalitet, 5 timar pr. veke

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Drift av ungdomsbedrift UB
  • Utplassering i bedrift 3 dagar pr. veke i 8 veker gjennom skuleåret
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 timar per veke
  • Norsk, 4 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no - teknologi- og industrifag

 

Vg2 transport og logistikk

Elevane er utplasserte i bedrift, innanfor både transport og logistikk. Elevane frå ungdomskulane kjenner ofte godt til transportdelen av denne linja, men lite til logistikkdelen. Logistikkfaget er eit fag i vekst både når det gjeld jobbmoglegheiter og høgskulestudium. Vi oppmodar elevane om å undersøkje dette fagområdet meir.

All teoriundervisning i programfaga vert konkretisert med oppgåver der eleven skal finne døme i utplasseringsbedrifta.

Mange av elevane held fram som lærlingar i bedrifta dei var utplasserte i. Både transport- og logistikkfaget gir gode moglegheiter for vidare studie på høgskulenivå.

Etter Vg2 kan du velje å utdanne deg innan:

  • Kran og lyfteoperasjonsfaget
  • Logistikkfaget
  • Yrkessjåførfaget

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag: 9 timar pr. veke
  • Programfag: 17 timar pr. veke
  • Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke

Programfag

  • Bransjelære, 5 timar pr. veke
  • Bransjeteknikk, 5 timar pr. veke
  • Transport, logostikk og løfteoperasjonar

Yrkesfagleg fordjuping

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Arbeid på verkstad
  • Utplassering i bedrift 1 dag pr. veke i store deler av skuleåret
  • Bedriftsbesøk

Fellesfag

  • Samfunnsfag, 3 timar per veke
  • Norsk, 4 timar per veke
  • Kroppsøving, 2 timar per veke

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

på vilbli.no - teknologi- og industrifag

 

Vg3 yrkessjåfør

Kurset er ei landsline som varer i 19 veker og gir praktisk og teoretisk opplæring i hovudområda bransjeteknikk, transport og logistikk, transport, og planlegging og drift. I opplæringa inngår yrkessjåførdirektivet, som gir løyve til yrkesutøving innan person- og/eller godstransport. Opplæringa er gratis, men elevane må halde seg lærebøker og liknande. Kurset vert avslutta med eksamen og førarprøve i førarkortklassane C, D og/eller CE (lastebil, buss og/eller vogntog).

Innhald i kurset:

  1. a) Opplæringa skal ta utgangspunkt i dei fastsette læreplanane Vg2 transport og logistikk og Vg3 yrkessjåførfaget.
  2. b) Opplæringa skal legge til rette for at eleven kan gjennomføre transportoppdrag i tråd med gjeldande regelverk.

Inntakskrav:

  • 21 år eller eldre. (For å kome inn på vårkurset må du ha fylt 21 år før 1. april, for å kome inn på haustkurset må du ha fylt 21 år før 1. oktober).
  • Fullført eitt av grunnkursa vg1 service og samferdsel eller vg1 teknikk og industriell produksjon i Kunnskapsløftet, eller tilsvarande frå eitt av grunnkursa som gav inntak til VK1 transportfag i Reform 94 (mekaniske fag, elektrofag, allmenne, økonomiske- og administrative fag).
  • Ved realkompetansevurdering er det tilstrekkeleg med dokumentert kompetanse i programfaga for det aktuelle utdanningsprogrammet. Merk at det er krav om svært gode norskkunnskapar, då all opplæring og alle prøvar vert gjennomført på norsk.
  • Førarkort klasse B frå EU/EØS-land.
  • Tilfredsstille helsekrava for førarkort kl. CEDE (Må legge fram helseattest ved kursstart, ikkje eldre enn 3 månader).

Søkjarar utan vidaregåande opplæring, eller søkjarar med utanlandsk utdanning kan kontakte Vestland fylkeskommune for rettleiing i høve realkompetansevurdering opp mot eitt av grunnkursa i inntakskrava. vestlandfylke.no karriere vestland  

NB! Det er krav om at eksamen vert gjennomført på norsk. Manglande norsk språkkunnskap er ikkje grunnlag for å få tilrettelagt prøve (munnleg), eller bruke tolk, jf. Trafikkopplæringsforskrifta § 29-1.

Med søknaden skal fylgje:

  • Attestert kopi av førarkort klasse B.
  • Attestert kopi av vitnemål / kompetansebevis.

Rangering av søkjarar:

Ved rangering skal søkjarar frå heile landet stille likt. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, vert søkjarane rangert etter poengsum frå grunnkurset eller Vg1.

Vidare vert plassane fordelt i følgjande prioritert rekkefølgje:

  • søkjarar utan fullført studie- eller yrkeskompetanse går føre søkjarar med tidlegare fullført studie- eller yrkeskompetanse
  • eldre søkjarar går føre yngre

Vurdering

Eleven skal ha karakter i kvart av dei fire hovudområda bransjeteknikk, transport og logistikk, transport, og planlegging og drift

Kompetanse/dokumentasjon

Etter gjennomgått opplæring får eleven delkompetanse innan yrkessjåførfaget.
Kurset gir eit halvt års godskriving i læretid i eit eventuelt seinare læreforhold, og tilsvarande godskriving av praksistid ved oppmelding til fagprøve.
Det vert skrive kompetansebevis for gjennomgått kurs.

Kostnad (utanom lærebøker):

Førarprøve i samarbeid med biltilsynet. Avgift vert betalt av eleven.
Sjå Statens Vegvesen sine gjeldande prisar.

Ein kan søkje Statens lånekasse om stønad etter gjeldande retningsliner.
Søkjarar til yrkessjåfør skal nytte skjema for "Høgare og anna utdanning".

I løpet av skuleåret startar skulen 2 kurs:
Kurs 1 går frå august- januar og har søknadsfrist 1. juni.
Kurs 2 går frå januar - juni og har søknadsfrist 1. desember.

I denne lenka finn du søknadskjemaet som skal fyllast ut.

Søknaden skal sendast til: Sogndal vidaregåande skule, Lunnamyri 2, 6856 Sogndal.