Symjehallen vil vere stengd fram til oktober 2027 i samband med utbetring og ombygging.
Utleige av idretthallen
Sogndal vidaregåande skule tilbyr utleige av idrettshall for lag og organisasjonar. For kortare, sporadiske leigeperiodar kan du frå 1. september booke direkte bookingsystemet vårt. Under finn du retningslinjer og informasjon om sesongbooking for sesongen 2026/2027.
Frå januar 2026 tilbyr Vestland fylkeskommune utlån og utleige av lokale ved vidaregåande skular i tråd med ordninga Open skule.
Prioriteringar
Aktivitetar der barn og unge under 20 år utgjer fleirtalet, vert prioriterte, og desse kan få gratis lån innanfor fastsette rammer. Det gratis utlånet gjeld måndag til fredag frå 16.00 til 21.30.
Tilgjengelege lokale i idrettshallen (sesongen 2026/27)
- heil hall (4 salar)
- halv hall (2 salar)
- kvart hall (1 sal)
Prioriteringar vert gjorde i samarbeid med Idrettsråda. Tider som ikkje vert nytta i sesongbookinga blir lagt inn i eige bookingssystem og kan bookast for kortare tidsrom.
Leigetakar må setje seg inn i vilkår for å låne/leige lokale, ordensreglar og brannvern.
Utleigeprisar sesongen 2026/27:
| Utleigeprisar | Måndag - Fredag (Kr/time) | Laurdag - Søndag (Kr/time) |
| Heil hall (4 salar) | 720 | 900 |
| Halv hall (2 salar) | 540 | 720 |
| Kvart hall (1 sal) | 205 | 505 |

