Rådgjevarane våre

Rådgjevar skal vere ein god samtalepartnar for elevane og bidra til informasjon, refleksjon og motivasjon. Rådgjevaren har teieplikt, og det vert ikkje ført timefråver for samtalar med rådgjevar. Rådgjevar samarbeidar med mange instansar internt og eksternt.Dei viktigste oppgåvene til rådgjevar finn ein i forskrift til opplæringslova.

Kontora til rådgjevarane finn du i 3. etasje.

Dei hjelper deg gjerne med:

  • Informasjon/rettleiing om utdanningsval
  • Bistå med informasjon/hjelp til søknad om vidare utdanning
  • Svare på spørsmål kring skulegong
  • Rettleiing og hjelp i spørsmål av meir personleg karakter
  • Bistå med rettleiing/samtalar med elevar som ønskjer råd kring sosiale og/eller faglege spørsmål
  • Samarbeide med andre som til dømes PPT, OT og BUP. Helsesjukepleiar er også med på møter kring elevsaker (elev, kontaktlærar, føresette)

Rådgjeverande våre

Ta gjerne kontakt for råd og retteliing

Jarle Flo

Karriererettleiar
JF 2.jpg

Judith Ulstein

Sosialpedagogisk rettleiar
JU 2.jpg

Astrid Kristiansen Rømmen

Rådgjevar tilpassa opplæring
AKR 2.jpg

 

 

 

§ 22-3. Utdannings- og yrkesrettleiing

Den enkelte elev har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval.
Rådgiving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning

  • Oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Norge og andre land
  • Oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Opplæring i å finne og orientere seg i informasjon og i bruk av rettleiingsverktøy
  • Informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • Opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar.

§ 22-2. Sosialpedagogisk rettleiing

Den enkelte elev har rett til nødvendig rådgiving om sosiale spørsmål. Formålet med den sosialpedagogiske rådgivinga er å medverke til at den enkelte elev finn seg til rette i opplæringa og hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som kan ha noko å seie for opplæringa og for eleven sine sosiale forhold på skolen.

  • Klarleggje problem og omfanget av desse
  • Kartleggje kva skulen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar utanom skulen
  • Rettleie elevar med tanke på feilval og fråfallsproblematikk

 

Tilrettelagt opplæring


All vidaregåande opplæring skal tilpassast dei evnene og føresetnadene som den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten har, og skulane og lærebedriftene skal nytte varierte arbeidsformer.

Særskilt tilrettelagt opplæring for elevar med fortrinnsrett

Du som treng særskilt tilrettelagt opplæring høyrer til i ein klasse og på eit programområde. Ut frå behov og føresetnader er opplæringa lagt til basen Læringshjørnet (individuelt eller i gruppe), til verkstad, klasserom eller alternativ opplæringsarena.

Hovudmålet med opplæringa er å gje individuelt tilpassa og tilrettelagt opplæring som gir deg dugleik og kompetanse for vaksenlivet. Vi arbeider for å gje deg ein strukturert og oversiktleg skulekvardag, og legg vekt på å skape forståing for samanhengen mellom teori og praksis ved å setje læring inn i ein konkret samanheng.

Vi legg vekt på :

  • Dine ressursar
  • Inkludering
  • Almendanning
  • Samspel, kommunikasjon og utvikling av samarbeidsevne
  • Meistring
  • Verdigheit
  • Kosthald og helse

Det vert utarbeidd individuell opplæringsplan (IOP). Ved avslutta vidaregåande opplæring får du eit kompetansebevis med vedlegg som gir oversikt over din oppnådde kompetanse.

 

Vanlege utfordringar:

  • Dysleksi
    • Du treng dysleksiattest  eller annan dokumentasjon på dysleksi.
    • Du får hjelp med installering og bruk av skrivestøtteprogram
    •  Hugs å ta med eigen lisens på skrivestøtteprogram frå grunnskulen.
  • Minoritetsspråkleg
    • Du er minoritetsspråkleg dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk.
      • Dersom du har eit anna morsmål enn norsk kan du ha rett til å bruke meir enn tre år på vidaregåande opplæring. Sjå Særskilt for språklege minoritetar.
      • Du kan òg få tilbod om eit innføringsår for minoritetsspråklege søkjarar / førebuande Vg1 før inntak til eit ordinært Vg1. Dersom du tek eit slikt innføringsår bruker du ikkje av den treårige opplæringsretten. Hugs at den treårige retten likevel må brukast innan utgangen av det året du fyller 24 år.

 

Inntaksreglar for søkjarar med behov for tilrettelagt opplæring

Eigne opplæringstilbod og læreplanar

Det er utarbeidd eigne opplæringstilbod og læreplanar for elevar som er

Spesialundervisning

Elevar og lærekandidatar som ikkje har eller kan få utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.