Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

Elevar ved infotorget

På denne sida finn du informasjon om ulike tilbod vi har til deg som elev

Studspes.jpg

Rådgjevarane våre

Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du bestille tid hos ein av rådgjevarane våre.

Miljøkoordinator

Miljøkoordinator har kontor i 3. etasje på skulen. Her kan du som elev ta kontakt om du lurer på noko kring skulemiljø, læringsmiljø, hybelbuarar, open skule og andre aktivitetar for elevane. 

Les meir om miljøkoordinator 

 

Skulehelsetenesta

Vi har helsesjukepleiar på skulen kvar dag som hjelper deg når du treng det. Skulehelsetenesta blir gjerne omtala som barn og unges «bedriftshelseteneste». Dette er ei gratis, lett tilgjengeleg og «drop-in» teneste på skulen. Skulehelsetenesta tilbyr rettleiing, helseundersøking og oppfølging

Arbeidslivskontakt

På denne lenkja finn du informasjon om arbeidslivskontakten sitt arbeidsfelt og ansvar i formidlingsprosessen

Les meir om arbeidslivskontakten

 

IKT-hjelp

Feil og spørsmål rettast til hjelp@vlfk.no 

IKT har også kontor i 3.etasje

 

Elev- og læringsombod

Elev- og læringsombodet arbeider for at du som elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt rettane dine

Les meir om elev- og læringsombodet

Kantine.jpg

Noko å ete?

Har du det litt for travelt om morgonen til å ete frukost eller lage niste? Då er det bra at vi har ei kantine med stort utval av både mat og drikke.

Biblioteket

Biblioteket Kjeldeteigen vart nyopna i 2011 og inneheld bøker, blad, ordbøker og aviser. Her kan du få hjelp frå vår dyktige bibliotekar eller nytte deg av grupperom, leseplassar eller sofa for å jobbe med fag eller kople av. 

Les meir om biblioteket vårt