Hopp til hovedinnhold

Landslinje

Dette er eit utdanningstilbod som elevar i vidaregåande opplæring kan søkje. Du kan søkje, uansett kvar i landet du bur.

Vg3 yrkessjåfør - Landslinje

Kurset er ei landslinje som varer i 19 veker og gir praktisk og teoretisk opplæring i hovudområda bransjeteknikk, transport og logistikk, transport, og planlegging og drift. I opplæringa inngår yrkessjåførdirektivet, som gir løyve til yrkesutøving innan person- og/eller godstransport. Opplæringa er gratis, men elevane må halde seg lærebøker og liknande. Kurset vert avslutta med eksamen og førarprøve i førarkortklassane C, D og/eller CE (lastebil, buss og/eller vogntog).

Innhald i kurset:

1.   a) Opplæringa skal ta utgangspunkt i dei fastsette læreplanane Vg2 transport og logistikk og Vg3 yrkessjåførfaget.

2.   b) Opplæringa skal legge til rette for at eleven kan gjennomføre transportoppdrag i tråd med gjeldande regelverk.

Inntakskrav:

·       21 år eller eldre. (For å kome inn på vårkurset må du ha fylt 21 år før 1. april, for å kome inn på haustkurset må du ha fylt 21 år før 1. oktober).

·       Fullført eitt av grunnkursa vg1 service og samferdsel eller vg1 teknikk og industriell produksjon i Kunnskapsløftet, eller tilsvarande frå eitt av grunnkursa som gav inntak til VK1 transportfag i Reform 94 (mekaniske fag, elektrofag, allmenne, økonomiske- og administrative fag).

·       Ved realkompetansevurdering er det tilstrekkeleg med dokumentert kompetanse i programfaga for det aktuelle utdanningsprogrammet. Merk at det er krav om svært gode norskkunnskapar, då all opplæring og alle prøvar vert gjennomført på norsk.

·       Førarkort klasse B frå EU/EØS-land.

·       Tilfredsstille helsekrava for førarkort kl. CEDE (Må legge fram helseattest ved kursstart, ikkje eldre enn 3 månader).

Søkjarar utan vidaregåande opplæring, eller søkjarar med utanlandsk utdanning kan kontakte Vestland fylkeskommune for rettleiing i høve realkompetansevurdering opp mot eitt av grunnkursa i inntakskrava. vestlandfylke.no karriere vestland  

NB! Det er krav om at eksamen vert gjennomført på norsk. Manglande norsk språkkunnskap er ikkje grunnlag for å få tilrettelagt prøve (munnleg), eller bruke tolk, jf. Trafikkopplæringsforskrifta § 29-1.

Med søknaden skal det fylgje:

·       Attestert kopi av førarkort klasse B.

·       Attestert kopi av vitnemål / kompetansebevis.

Rangering av søkjarar:

Ved rangering skal søkjarar frå heile landet stille likt. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, vert søkjarane rangert etter poengsum frå grunnkurset eller Vg1.

Vidare vert plassane fordelt i følgjande prioritert rekkefølgje:

·       søkjarar utan fullført studie- eller yrkeskompetanse går føre søkjarar med tidlegare fullført studie- eller yrkeskompetanse

·       eldre søkjarar går føre yngre

Vurdering

Eleven skal ha karakter i kvart av dei fire hovudområda bransjeteknikk, transport og logistikk, transport, og planlegging og drift

Kompetanse/dokumentasjon

Etter gjennomgått opplæring får eleven delkompetanse innan yrkessjåførfaget.
Kurset gir eit halvt års godskriving i læretid i eit eventuelt seinare læreforhold, og tilsvarande godskriving av praksistid ved oppmelding til fagprøve.
Det vert skrive kompetansebevis for gjennomgått kurs.

Kostnad (utanom lærebøker):

Førarprøve i samarbeid med biltilsynet. Avgift vert betalt av eleven.
Sjå Statens Vegvesen sine gjeldande prisar.

Ein kan søkje Statens lånekasse om stønad etter gjeldande retningsliner.
Søkjarar til yrkessjåfør skal nytte skjema for "Høgare og anna utdanning".

I løpet av skuleåret startar skulen 2 kurs:
Kurs 1 går frå august- januar og har søknadsfrist 1. juni.
Kurs 2 går frå januar - juni og har søknadsfrist 15. november.

I denne lenka finn du søknadsskjemaet som skal fyllast ut.

Søknaden skal sendast til: Sogndal vidaregåande skule, Lunnamyri 2, 6856 Sogndal.