Hopp til hovedinnhold

Idrettsfag

Idrettselevar i aksjon på fotballbane

Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Elevkommentarar

Sofia 1ID:             «Skulen legg godt til rette for idretten, kampane, og ikkje minst at man kan ta idrettar som privatist.»

Andreas 1ID:        «Eg trivest godt på skulen og likar at eg får moglegheitene til å trene i skuletida samtidig som eg får lært mykje i dei ulike faga.»

Martin 2ID:           «Idrett er den perfekte kombinasjonen mellom fag og idrett, og du har eit tid du aldri vil gløyme.» 

Ingrid 2ID:            «Eg er glad for at eg valte å gå idrett. Ein har varierte skuledagar med fysisk aktivitet kvar dag. Det er eit veldig sosialt miljø, der ein blir godt kjent med mange kjekke folk.»

Tom 3ID:              «Idrett er det beste valet eg har gjort, me får avlaste skulearbeid med kjekk og nyttig fysisk aktivitet kvar einaste dag. Me får mange gode opplevingar samt som miljøet er på topp.»

Malin 3ID:             «Eg valte idrett fordi eg får kombinere fotball med skule. Klassemiljøet har eit eige nivå, og alle opplevingane me gjer saman ville eg aldri vore forutan! »

Lydia 2ID:           «Å starte dagen med trening gir meg energi og glede og gjennom ein aktiv kvardag og kjekke tura, så blir vi godt kjent med kvarandre!»
«Idrett er sosialt og me blir kjent med kvarandre på en unik måte gjennom èin aktiv kvardag og kjekke turar saman!»

 

Kvifor velje idrettsfag?

Ynskjer du spanande opplevingar, mykje trening med god rettleiing og generell studiekompetanse for høgskule og universitet? Då er idrettsfag ved Sogndal vidaregåande skule eit godt alternativ for deg.

Idrettsfag tilbyr idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet på alle nivå. Du kan velje toppidrett fotball og langrenn om du vil satse på idretten din, eller velje breiddeidrett og eit meir allsidig aktivitetstilbod.

Vi tilbyr

Utdanningsprogram idrettsfag gjev ein variert kvardag med veksling mellom teorifag og trening, samtidig som at du etter 3 år kan studere vidare på dei aller fleste høgskular og universitet. Du får god kjennskap til riktig trening gjennom teori og praksis, som kan gje eit godt grunnlag for deg sjølv som idrettsutøvar og som rettleiar innan idretten.

Kva kan du bli?

Etter fullført utdanningsprogram oppnår du studiekompetanse og kan ta høgare utdanning. Då er moglegheitene mange, og utdanningsretningar kan blant anna vere fysioterapi, idrettspsykolog, lærar, idrettskonsulent politi eller liknande.

Les meir om utdanningsprogrammet og kva du kan bli på vilbli.no

Idrettsfag ved Sogndal vgs

Sogndal vgs. har hatt idrettsfagtilbod heilt sidan 1983, og har dermed lang erfaring med tilrettelegging for aktivitet. I dag er Sogndal vgs ein del av Fosshaugane Campus som gjer at du har kort veg til mange ulike idrettsanlegg som idrettshall, symjehall, fleire fotballbaner, friidrettsanlegg, styrkerom, klatrevegg, sandvolleyballbane og basketballbane. I tillegg har vi naturområde i nærleiken som vi kan nytte. Det gjer at du får prøvd deg i mange ulike idrettar, både dei tradisjonelle og dei meir moderne idrettsaktivtetane.

Når du går på idrettsfag får du minst ei treningsøkt i skuletida kvar dag. Vi tilbyr breiddeidrett der elevane får trening i fleire ulike idrettsaktivitetar, og toppidrett, der elevane kan fordjupe seg i ein idrett. Idrettsfaglærarane på skulen har brei kompetanse og kan rettleie elevane i mange idrettar. Vi tilbyr toppidrett innan ski og fotball.

Elevane på idrett gjev uttrykk for at miljøet i idrettsfagklassane er særs godt. Mykje aktivitet saman, i tillegg til kjekke naturopplevingar på tur, gjev grunnlag for godt miljø som igjen fører til gode vilkår for læring.

 

Spissa toppidrett i fotball

Olympiatoppen Vest har eit samarbeid med skulen kor du kan søke deg inn på spissa toppidrett i fotball. Meir om dette finn du på Toppidrettslinjen: Søknadsprosedyre til Sogndal - Spissa toppidrett, fotball

 

Toppidrett klatring 

Hausten 2024 tilbyr Sogndal vidaregåande skule toppidrett klatring. På lik linje med dei andre satsingane innan toppidrett på Sogndal VGS vil dette være timar som er følgt opp av fagpersonar med spisskompetanse på området. Skulen kjem difor til å ha tett samarbeid med Sogndal klatresenter og høgskulen på Vestlandet som har noko av landets beste kompetanse på fagområdet. Sjå filmen som fortel meir om toppidrett klatring.

Dette eit prøveprosjekt der organisering og oppfølging vil være avhengig av søkarmengd. I år har breddeidrett, som vist i filmen nytta klatrekompetansen til Sogndal klatresenter.

Klatring2 (002).JPG

Kva går obligatoriske programfag/idrettsfag ut på?

*Ekskursjonar:

  • Fjelltur
  • Snøholetur
  • Kanotur
  • Kystfriluftsliv, surfing
  • Bretur
  • Skitur / Skiveke
  • Sykkeltur