Elevane er representerte i fleire utval (Elevrådet, elevrådsstyret, skulemiljøutvalet, skuleutvalet og LAMU - Lokalt arbeidsmiljøutval), som skal jobbe med skulepolitikk, skulemiljø og folkehelse.
Eit aktivt elevråd er eit gode for ein kvar skule, men det føreset at elevrådet er rett samansett. Difor er det viktig at dei elevane som er med i elevrådet er aktive, engasjerte og motiverte. Eit slikt utgangspunkt gjev større høve for elevane til å forme skulekvardagen, og dermed auke trivsel og læring.

Opplæringslova seier noko om formålet med elevrådsarbeid
§ 11-6 Elevråd
Ved kvar vidaregåande skule skal det vere eit elevråd med minst ein medlem for kvar tjuande elev. Elevrådet blir valt ved skriftleg røysting.
Elevrådet er ikkje i lova gjeve avgjerdskompetanse i skulesamfunnet, men kan uttale seg om alle saker som gjeld skulen. Elevrådet skal blant anna arbeide for læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane.