Hopp til hovedinnhold

Restaurant- og matfag

Nærbilete av elev med kokkelue, i djup konsentrasjon på kjøkken

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje restaurant- og matfag?

Dette er faget for deg som er interessert i matlaging, kosthald og ernæring

Vi tilbyr

  • Vg1 restaurant- og matfag
  • Vg2 kokk- og servitørfag

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke, som mellom anna:

  • kokk, ernæringskokk eller servitør
  • bakar eller konditor
  • pølsemakar eller ferskvarehandlar
  • fagarbeidar i sjømatproduksjon eller industriell matproduksjon

 

Les meir om utdanningsprogrammet og kva du kan bli på vilbli.no

Ved Sogndal vidaregåande skule har vi lange fagtradisjonar og dyktige, engasjerte lærarar som legg vekt på at elevane skal bli gode fagarbeidarar. Restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule har nye og gode praksislokale med godt utstyr.

For skuleåret 2022/2023 har Vestland fylkeskommune, Nav region Sogn og reiselivsnæringa inngått eit samarbeid med bakgrunn i stort behov for kokkar og servitørar i Sogn. Les meir om samarbeidet på Sogndal kommune 

Vg1 restaurant- og matfag

På Vg1 Restaurant- og matfag lærer du grunnteknikkar innan matlaging, baking, servering og arbeid med kjøtt og fisk. I løpet av skuleåret gir faget yrkesfagleg fordjuping deg praksis i det yrket du ynskjer å fordjupe deg i.

Det er mange ulike yrke innanfor kokk-, servitør-, fiske-, kjøtt-, bakar- og konditorfag i tillegg til matindustrien.

Vg1 Restaurant og matfag dannar grunnlag for fagbrev/svennebrev innanfor 11 yrke. Desse yrka er:

  • Ernæringskokk
  • Kokk
  • Servitør
  • Bakar
  • Konditor
  • Slaktar
  • Kjøttskjerar
  • Pølsemakar
  • Ferskvarehandlar
  • Fagarbeidar, sjømatproduksjon
  • Fagarbeidar, industriell matproduksjon

Etter fullført Vg1 kan du halde fram med dette programområde hjå oss:

  • Vg2 kokk- og servitørfaget

Restaurant og matfag passar for deg som er glad i halde på med mat, er kreativ og kan ta ansvar for andre menneske si mat og helse. For å kunne kalle deg ein fagarbeidar må du bestå ei fagprøve/svenneprøve etter avslutta opplæring (4 år). 

 

Vg2 kokk- og servitørfag

På Vg2 kokk- og servitørfag fordjupar ein seg i grunnleggande teknikkar innan kokk - og servitørfaget og ferskvarehandlarfaget. I faget Yrkesfagleg fordjuping vil du også vere ute i praksis i eit av dei fire yrka, kokk, ernæringskokk, servitør og ferskvarehandlar i løpet av skuleåret. Det er stort behov for faglært arbeidskraft og det er lett å få læreplass i bransjane.  

For dei som har lyst til å utfordre seg sjølv,  har skulen eit samarbeid med ein fransk skule i La Rochelle. Her er det mogleg å søkje utplassering  på restaurantkjøkken i 2.termin.

På slutten av skuleåret skal du opp til ein praktisk/munnleg eksamen.

Etter Vg2 kan du velje å gå ut i lære i desse faga:

  • Ernæringskokkfaget
  • Ferskvarehandlarfaget
  • Kokkfaget
  • Servitørfaget 

Viktig å tenkje på

Du bør ha lyst til å halde på med mat, like å kommunisere med andre menneske, både skriftleg og munnleg. Tåla å vise fram produkta dine for andre og få tilbakemelding av kunden. Du kan både arbeide sjølvstendig og saman med andre, du er målretta og har eit ryddig forhold til tidsfristar.

 

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunna studera vidare på høgskule/universitet.