Hopp til hovedinnhold

Miljøkoordinator

Miljøkoordinator har kontoret sitt i administrasjonen, 3. etasje. Spør i ekspedisjonen om du lurer!

Miljøkoordinator jobbar mellom anna med:

Skulemiljø / læringsmiljø

Miljøkoordinator jobbar for eit godt miljø. Saman med andre på skulen jobbar miljøkoordinator med førebyggande- og miljøskapande arbeid. Einskildelevar får oppfølging og samtalar ved behov.

Klassens time

I lag med helsesjukepleiar, bibliotekar, eller åleine kjem miljøkoordinator på besøk i klassens time på alle klassetrinn. Tema kan vera tobakk, rus, mobbing, personvern, eller andre tema som elevane sjølve ynskjer vert tekne opp i klassen.

Hybelbuar

Me har normalt ca. 270 elevar som bur på hybel, av dei er ca. 60 på Vg1. I starten av skuleåret får hybelbuarar ekstra informasjon og oppfølging. Elevar som ynskjer besøk av miljøkoordinator, tek kontakt og avtalar hybelbesøk. Alle Vg1-elevar får tilbod om ein samtale i løpet av skuleåret.

Open skule

Onsdagar rett etter skuletid tilbyr miljøkordinator "Open kveld". Elevane får då tilbod om gratis mat . Tilbodet vert marknadsført via Teams og infoskjerm.

Etter middag tilbyr me sosiale aktivitetar som bordtennis, kortspel, sandvolleyball (haust og vår ), aktivitet i idrettshallen og div. anna. Dette er eit godt tilbod som gjev elevane høve til å verta kjende med andre elevar, på tvers av årstrinn og utdanningsretningar.

Andre aktivitetar

Vi er aktivt med ved arrangement som skulestart, skuleavslutningar, hjelper russen, samarbeider med elevråd, skidag m.m.

Ta turen innom

Er det noko du lurer på som du trur vi kan hjelpe med?
Ta turen innom kontoret.

 

Miljøkoordinator

Ta kontakt på teams eller kom innom kontoret i 3.etg om du lurer på noko

Hedda Bulie Haanæs

Miljøkoordinator
HBH 2.jpg

Tonje Beate Skåden

Miljøkoordinator
TBS 2.jpg