Opplæringsår i utlandet

Som elev ved eit studieførebuande utdanningsprogram kan du få godkjent eitt år opplæring i utlandet som likeverdig med Vg1 eller Vg2 i Noreg

Vilkår for godkjenning av opplæring i utlandet

Generelle reglar for godkjenning av utdanning frå utlandet finn du i denne lenka.

Vg 2 i utlandet

Det er vanlegast å søkja om godkjenning av Vg2 i utlandet. Er du elev ved ein av dei vidaregåande skulane i Vestland kan du ta heile eller delar av andre året på vidaregåande (Vg2) i utlandet. Det som står her gjeld difor Vg2:

Du må dokumentera fullført og bestått eit skuleår likeverdig med Vg2 i Noreg, og at du ville blitt flytta opp på neste trinn i det landet du har vore i. Då kan du få godkjent eit skuleår frå utlandet.

For å få vitnemål etter Vg3 må du dokumentera bestått opplæring i utlandet i fag som er likeverdig med alle fellesfaga i Vg2 i Noreg du ville fått standpunktkarakter i. Du har sjølv ansvar for lærestoffet elevane i Vg2 i Noreg har i faga historie og norsk. Sluttvurderinga i Vg3 i desse faga skal innehalde vurdering av lærestoffet i Vg2.

Meir informasjon frå Vestland fylkeskommune finn du her.

Særskilt for utdanningsprogram for studiespesialisering

I programområde for studiespesialisering må du òg dokumentera bestått opplæring i minst to programfag frå ditt programområde. Dei to faga vil du ha som fordjupingsfag i Vg3.

Utdanningsprogram for idrettsfag

I programområde for idrettsfag må du dokumentera bestått opplæring i utlandet i fag som er likeverdig med dei felles programfaga i programområdet, aktivitetslære 2, treningsleiing 1 og treningslære1. Du har sjølv ansvar for lærestoffet elevane i Noreg har i Vg2 i faget idrett og samfunn. Sluttvurderinga i Vg3 i dette faget skal innehalde vurdering av lærestoffet i Vg2.

Når du kjem att frå utlandet

Du må, så snart som råd, levera dokumentasjon på læreplan og vurdering i faga du har teke i utlandet.
Dersom du ikkje fyller krava i alle faga, må du ta dei manglande faga som elev eller privatist i Noreg før du får vitnemål. Oppmeldingsfristen til hausteksamen for privatistar er 15. september, og våreksamen 1. februar. Sjå meir informasjon på https://privatist.inschool.visma.no/.

Du må følgja opplæringa i alle fag på Vg3 når du kjem attende til Noreg.

Godkjenning Vg1 og Vg3

Det er også mogleg å få godkjend eitt år i utlandet som likeverdig med Vg1. Føresetnadane er hovudsakleg dei same som omtala ovanfor. Det vert ikkje gjeve godkjenning for opplæring i utlandet som erstatning for Vg3 i Noreg. Elev som ønskjer å ta opplæring i utlandet i staden for Vg3 i Noreg, må få eventuell dokumentasjon på fullført og bestått opplæring på lærestaden i utlandet.

Kvar skal du reisa?

Dei organisasjonane som tilbyr utvekslingsopphald har avtalar med skular over heile verda. Det beste er om du søkjer til eit land som har tilsvarande skuleår som Noreg. Land som t.d. Australia og New Zealand har avvikande skuleår (dvs skuleåret startar i januar og avsluttar mot jul). Du kan ikkje rekna med å få godkjent opphald med avvikande skuleår som erstatning for Vg1/Vg2.

Korleis søkjer du?

Det første du gjer, er å kontakta ein av dei organisasjonane som har spesialisert seg på elevutveksling. Søknad sender du til dei, gjerne på internett. Søknadsfristen kan variera frå organisasjon til organisasjon. Etter ei stund vil du bli kalla inn til intervju. Det kan òg henda at du må ta ein språktest. Når du har fått svar om opptak, søkjer du Sogndal vidaregåande skule om å få godkjent skuleåret som Vg2 (førehandsgodkjenning). Skulen har laga eigne søknadsskjema som du kan bruke når du søkjer om slik godkjenning.

Søknadsskjema utdanningsprogram for studiespesialisering. Kontakt rådgjevar.
(fyll ut personleg informasjon der det er klammer <..>)

Søknadsskjema utdanningsprogram for idrettsfag. Kontakt rådgjevar.
(fyll ut personleg informasjon der det er klammer <..>)

Søknadsskjema om endeleg godkjenning av skuleår i utlandet. Kontakt rådgjevar.
(fyll ut personleg informasjon der det er klammer <..>)

Kva kostar eit utvekslingsår i utlandet?

Prisen for opphaldet er avhengig av kva land du reiser til og kva organisasjon du reiser med. Statens lånekasse for utdanning gir utdanningsstønad under føresetnad av at du får godkjent studiet som Vg2. Det er den skulen du har gjennomført Vg1 ved som skriv slik godkjenning. Søknad om stipend kan først sendast når du har fått vertsfamilie og skuleplass, dvs i løpet av våren/sommaren før du skal reisa.

-----

 

Organisasjonar som tilbyr elevutveksling:

www.ef.com
www.afs.no
www.sts-education.no
www.aspect.no
www.yfu.no
www.explorius.no

Andre aktuelle nettadresser:

Utdanning.no
Vilbli.no
Utdanning i verden

www.studieguiden.no
www.ansa.no
www.lanekassen.no