Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta:

Skulehelsetenesta blir gjerne omtala som barn og unges «bedriftshelseteneste». Dette er ei gratis, lett tilgjengeleg og «drop-in» teneste på skulen. Skulehelsetenesta tilbyr rettleiing, helseundersøking og oppfølging. Skulehelsetenesta har teieplikt, og samarbeider med heimen, skulen og andre hjelpeapparat der det er nødvendig eller ynskjeleg. Helsesjukepleier er på skulen kvar dag og skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen.

Du kan bestille time sjølv eller via lærar/rådgjevar. Du kan òg stikke innom på kontoret hennar i 3. etasje.

Helsesjukepleiar har teieplikt
Tid hjå helsesjukepleiar reknast ikkje som fråvær når det er dokumentert.

Helsesjukepleiar

Ta kontakt på Teams eller telefon for å avtale møte

Linda Habbestad Skorve

Helsesjukepleiar
LHS 2.jpg

Kontoret til helsesjukepleiar finn du i 3 etasje. Spør i ekspedisjonen om du lurer!

Kva kan du ta opp?

Du kan snakka med helsesjukepleiar om det meste:

  • vanskelege heimeforhold, eller utfordringar med nokon i familien
  • livsstil: søvnvanskar, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar
  • skulemeistring
  • om du er trist eller lei og har vanskelege tankar
  • konsentrasjonsvanskar eller kjenner på uro
  • vektvanskar, vanskeleg forhold til mat og inntak av næring
  • rusmiddelbruk hjå deg sjølv eller nokon du kjenner
  • seksualitet og prevensjon
  • utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep
  • vanskar med å bu i Noreg eller med å vekse opp i to kulturar

 

Lege eller psykolog?

Helsesjukepleier kan tilvise videre til andre t.d. lege, fysioterapeut, psykiatrisk sjukepleier eller psykolog.

Åse Storegjerde er psykiatrisk sjukepleier og er tilstades på skulen kvar tysdag. Du ta kontakt sjølv på tlf 45876286 eller gå via helsesjukepleier, lærar eller rådgjevar.