Hopp til hovedinnhold

Fråværsreglement

I vidaregåande skule har elevane møteplikt til alle timar på alle årstrinn.

Ved fråvær er det er eit skilje mellom dokumentert og udokumentert fråvær.

Alt fråvær som ikkje er dokumentert vert ført på vitnemålet og tel inn på fråværsgrensa.

Hovudregelen er at ein ikkje får halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget dersom det udokumenterte fråværet er over 10 prosent.

På desse lenkene finn ein grundigare informasjon om fråværsreglementet, ulikskapen på dokumentert og udokumentert fråvær, krav til dokumentasjon og reglar for føring av fråvær på vitnemål og kompetansebevis.

Udir: Fråvær i vidaregåande skular 

Fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Vestland