Andre studieår (Vg2)
Du kan velje mellom følgjande studieretningar:
- Datateknologi og elektronikk
- Elenergi og ekom
Datateknologi og elektronikk
Er du interessert i å jobbe med elektronikk, data, smarthus, programmering, kommunikasjon og nettverk? Då bør du velje denne utdanningsvegen. Samfunnet vårt har blitt meir og meir avhengig av elektronisk utstyr og treng difor flinke fagpersonar innan dette fagområdet. På skulen jobbar me mykje på verkstad med praktiske oppgåver, i tillegg til teori på klasserommet.
Linja vår har eit nært og godt samarbeid med næringslivet og elevane våre er ute i praksis ein dag i veka det meste av skuleåret. Etter at du er ferdig med Vg2 datateknologi og elektronikk, kan du ved Sogndal vgs gå vidare på Vg3 dataelektronikarfaget, der elevane får to dagar praksis i veka. Etter Vg3 ventar 1,5 års læretid i bedrift.
Oversikt over undervisningsfag
Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i
- Fellesfag: 9 timar pr. veke
- Programfag: 17 timar pr. veke
- Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke
Programfag
- Data- og informasjonsteknologi, 7 timar pr. veke
- Elektroniske kretsar og utstyr, 10 timar pr. veke
Yrkesfagleg fordjuping
Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:
- Arbeid på verkstad
- Utplassering i bedrift
- Bedriftsbesøk
Fellesfag
- Samfunnsfag, 3 timar per veke
- Norsk, 4 timar per veke
- Kroppsøving, 2 timar per veke
Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om
- Inntakskrav
- Fag- og timefordeling
- Yrke og kompetanse
på vilbli.no.
Elenergi og ekom
På vg2 elenergi og ekom kan du blant anna utdanne deg til elektrikar, tavlemontør, energioperatør eller energimontør. Etter to år på skule, er du klar til å gå ut i 2,5 års læretid. Linja har eit godt samarbeid med næringslivet og elevane er ute i praksis i 4 veker på vårparten av skuleåret.
Oversikt over undervisningsfag
Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i
- Fellesfag: 9 timar pr. veke
- Programfag: 17 timar pr. veke
- Yrkesfagleg fordjuping: 9 timar pr. veke
Programfag
- Automatiseringssystem, 5 timar pr. veke
- Elenergisystem, 7 timar pr. veke
- Data- og elektronikksystem, 5 timar pr. veke
Yrkesfagleg fordjuping
Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:
- Arbeid på verkstad
- Utplassering i bedrift 4 veker i løpet av skuleåret
- Bedriftsbesøk
Fellesfag
- Samfunnsfag, 3 timar pr. veke
- Engelsk, 2 timar pr. veke
- Norsk, 2 timar pr. veke
- Kroppsøving, 2 timar pr. veke
Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om
- Inntakskrav
- Fag- og timefordeling
- Yrke og kompetanse
på vilbli.no.