Hopp til hovedinnhold

VIP Makkerskap

VIP1.jpg

VIP Makkerskap er eit helsefremjande tiltak som handlar om å skape eit godt psykososialt læringsmiljø. Dette er ein av fleire måtar skulen jobbar med psykisk helse på, og det høver òg godt inn under det tverrfaglege området folkehelse og livsmeistring.

Skuleåret 2023/24 vil Sogndal vidaregåande skule prøve ut VIP Makkerskap på vg1 studiespesialiserande og på vg2 idrett.

Dette er hovudmåla med makkerskap:

  • Fremje elevar si psykiske helse, trivsel og læring
  • Styrke elevane sin sosiale og relasjonelle kompetanse
  • Ein trygg og føreseieleg skulestart
  • Etablere eit godt klassemiljø
  • Gjere elevane godt kjende med alle i klassen
  • Skape gode arbeidsrelasjonar som fremjar livsmeistring i skulekvardagen

Kontaktlærar i dei 4 klassane som deltek styrer prosjektet og deler elevane inn i makkerpar og makkergrupper som blir rullert på etter faste intervall gjennom skuleåret.

Makkerpar og makkergrupper er utgangspunkt for fagleg og sosialpedagogisk arbeid i klassen. Elevar vil slik jobbe med samarbeid og lære seg å vere ein god medelev.

Les meir om prosjektet her:

Informasjon til elevar

Informasjon til føresette

 

Vestreviken.no VIP Makkerskap