Biblioteket - kjeldeteigen

Biblioteket er plassert sentralt i skulen

Kjeldeteigen er eit område nær Åbergevegen i Sogndal. Biblioteket fekk dette namnet for å vise til tenesta biblioteket gir i å tilby kjelder av ulike typar. Då skulen var nyopna i 2011 hadde mange av romma på skulen fått eigne namn som er typiske for Sogndal, slik som Stedje, Flugeim og Kjeldeteigen.

Skulebiblioteket tilbyr deg:

Skulebiblioteket er ei teneste for elevar og lærarar på Sogndal vgs. Her kan du låne bøker, blad og ordbøker, samt lese aviser.  Du kan nytte sofa, leseplassar eller grupperom for å kople av eller jobbe med fag. Bibliotekar gir deg rettleiing og driv opplæring.

Alle elevar blir automatisk lånarar når dei byrjar på vg1 og får utlånt lærebøker. Vil du låne romanar eller fagbøker bør du skaffe deg eit lånekort av bibliotekar. Med lånekortet kan du bruke sjølvbetjent utlåns-PC. Lånekortet gir deg òg tilgang til lånekontoen din, i tillegg til andre digitale tenester via nettsida til bibliotekbasen, som du òg finn på appen Bibliofil. Dessutan får du tilgang til å låne digitale bøker via appen Bookbites.

Bibliotekaren informerer om bibliotektenesta, har opplæring i kjeldekritikk og referanseteknikk, og gir deg rettleiing i litterære spørsmål. Treng du ei bok du gjerne vil låna som ikkje er på bibliotekhyllene, kan bibliotekaren skaffe boka frå andre bibliotek. 

Søk i bibliotekbasen

Bibliotekbasen er inntil 2023 ein fellesbase med Sogndal folkebibliotek. Ved søk kan du sjå under "Her finner du den", for å sjå kva avdelingar som har boka.

Kjeldeteigen -heimeside

Dette er ei eiga heimeside for biblioteket, med litterære tema.

Opningstider

Måndag - fredag: kl. 07.30- 16.00

Bibliotekar er på jobb i tida 08:00-15:30.

Det er mogleg å vere i biblioteket utover dette, men ver obs på at døra til biblioteket automatisk blir låst utpå ettermiddagen, og at ein difor ikkje kan kome inn att utan nøkkelkort.

Lærebøker

Ved skulestart må alle elevar eventuelt føresette viss elev er under 18 år, signere ein kontrakt for lån av læremiddel og utstyr frå skulen. Kontrakten klarerer ansvaret du har som lånar og at du er erstatningspliktig om lærebøker blir borte eller øydelagde.  Alle elevar som følgjer undervisning får låne gratis lærebøker.

Bibliotekar

Else B. Ness

Kontaktinfo: else.brita.ness@vlfk.no