Foto: Anna Wuttudal. Folk i gate
Foto: Anna Wuttudal. Folk i gate

Foto: Anna Wuttudal

Revisjon av handelsføresegna - vedtatt planprogram

Fylkesutvalet handsama planprogrammet for revisjon av planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna) i sitt møte 03. desember 2018.

Høyring av planprogrammet for handelsføresegna vart gjennomført med høringsfrist 09. november. Det kom inn fråsegn frå 9 ulike partar.

Planprogrammet vart vedtatt i samsvar med tilrådinga frå fylkesrådmannen i fylkesutvalet den 03.desember.

Under finn de lenker til aktuelle saksdokument:
 


Føremålet
Føremålet med arbeidet er å utabeide ei handelsføresegn som balanserer ønskje om større handelsetableringar i og utanfor sentrum mot omsyn som klima og miljø, regional konkurranse, arealbruk og stadutvikling. Handelsføresegna skal bidra positivt til sentrumsutvikling og regional utvikling.


Vegen vidare
Planarbeidet startar no opp i tråd med framdriftsplanen i planprogrammet. Arbeidet med kunnskapsgrunnlaget inkludert ei oppdatert handelsanalyse er starta opp. I perioden januar –april 2019 er det lagt opp til medverknad frå kommunane, innbyggarane, handelsstanden og regional stat. Ei viktig føremon for involvering er å gjera informasjon godt tilgjengeleg, og derfor er oppdatert informasjon om planarbeidet til ei kvar tid tilgjengelig på vår heimeside.

Informasjonen vil også bli delt gjennom fylket sine profilar i sosiale medium og ved presseoppslag i tradisjonelle medium. Det vil i nemnde kanalar bli orientert nærare om datoar og arenaer for medverknad for ulike grupper.

Etter planen sender fylkesutvalet planføresegna på offentleg høyring 9.mai 2019, med frist for innspel 31.07.19.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til plansjef Synnøve Stalheim, e-post synnove.stalheim@sfj.no, mobil 478 97 260

Del dette: