Mentorprogrammet for nye planleggjarar er avslutta

KS har i samarbeid med fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane gjennomført eit pilotprosjekt med arealplanleggarar i kommunane. Prosjektet er med bakgrunn i registrerte rekrutterings- og kapasitetsutfordringar innan areal- og samfunnsplanlegging spesielt i mindre kommunar. Stillingar som planleggjar i kommunane er vurdert som særs krevjande, både fagleg og i spenningsfelta mellom fag og politikk, innbyggjarar og utbyggjarar. 

Prosjektet vart starta opp med ei fyrste samling på Voss, 20. - 21. september 2017. Det var 16 deltakarar på fyrste samlinga - ni planleggjarar og fire erfarne planleggjarar. Dei erfarne planleggjarane var mentorar, to frå kvart fylke. Dei tre påfølgjande samlingane var lokalisert til: Sogndal, Bergen med synfaring i Vaksdal, og siste og avsluttande samling i Vik i Sogn 8. – 9. mai 2019.

Undervegs i prosjektet var det nokre av planleggjarane som slutta i jobbane og gjekk ut av programmet. Samstundes kom det nye til. Ved avslutninga var det registrert 14 planleggjarar. Dei fire mentorane var framleis med.

Frå evalueringa går det fram at deltakarane var veldig positive til mentorprogrammet. Det vart tydeleg uttrykt ønskje om at ordninga, eller tilsvarande, vert vidareført. Andre tilhøve det er lagt vekt på i tilbakemeldingane er at mentorprogrammet har vore nyttig fordi det både gav ny kunnskap og eit nettverk ein kunne rådføre seg med. I tillegg meiner planleggarane det var ein tryggleik å ha ein mentor som ein enkelt kunne kontakte og be om hjelp eller råd. Dette fordi det gav tryggleik for at det juridiske og faglege innhaldet i saker vart korrekt. Vidare at det gav tryggleik/ryggdekning til å stå for forslag, løysingar, vedtak og prosess ein som planleggjar la fram/konkluderte med.

Opplegget på samlingane bestod av førebudde innlegg med avgrensa og spissa tema. Alle samlingane hadde òg ei synfaring der deltakarane fekk sjå på planområde, samt ei innføring i utfordringar, aktørar, prosessar, resultat m.m. for det aktuelle område. I tillegg var det økter der deltakarane fekk høve til å presentera eigne plansaker dersom dei ønskte innspel og vurderingar frå andre. Slike saker vart mest diskutert i mindre grupper, men og i plenum. Tilbakemeldinga frå deltakarane var at det var særs nyttig å få sjå konkrete planeksempel i felt, og samtidig å få presentera og drøfta eigne dagsaktuelle plansaker med andre.

Den faglege delen av samlingane i mentorprogrammet har gått meir i djupna på temaa enn ein gjer på større konferansar, og gitt større rom for diskusjonar rundt temaa. Dette nemner deltakarane som ein fordel. Det har og vore ein styrke at det er få nok deltakarar til at ein kjenner igjen kvarandre, kan bygge nettverk og ikkje blir redd for å stille spørsmål.

KS vil no vurdera evalueringane frå prosjekta i Trøndelag og Hordaland/Sogn og Fjordane med tanke på ei eventuell vidareføring av ordninga i ei eller anna form.

mentorsamling Vik mai 2019 2

 

Del dette: