Hopp til hovedinnhold

Biblioteket - Kjeldeteigen

Biblioteket er plassert sentralt i skulen

Skulebiblioteket:

Skulebiblioteket er ei teneste for elevar og lærarar på Sogndal vgs. Her kan du låne bøker, blad og ordbøker, samt lese aviser.  Du kan nytte sofa, leseplassar eller grupperom for å kople av eller jobbe med fag. Bibliotekar gir deg rettleiing og driv opplæring.

Alle elevar blir automatisk lånarar når dei byrjar på vg1 og får utlånt lærebøker. Vil du låne romanar eller fagbøker bør du skaffe deg eit lånekort av bibliotekar. Med lånekortet kan du bruke sjølvbetjent utlåns-PC. Lånekortet gir deg òg tilgang til lånekontoen din, i tillegg til andre digitale tenester via nettsida til bibliotekbasen, som du òg finn på appen Bibliofil. Dessutan får du tilgang til å låne digitale bøker via appen Bookbites.

Bibliotekaren informerer om bibliotektenesta, har opplæring i kjeldekritikk og referanseteknikk, og gir deg rettleiing i litterære spørsmål. Treng du ei bok du gjerne vil låna som ikkje er på bibliotekhyllene, kan bibliotekaren skaffe boka frå andre bibliotek. 

Bibliotekbasen

Bibliotekbasen er ein fellesbase med Sogndal folkebibliotek. Ved søk kan du sjå under "Her finner du den", for å sjå kva avdelingar som har boka. Søk i bibliotekbasen her

Du kan også søke på Sogndal vidaregåande skule sitt eige bibliotek, Kjeldeteigen. Trykk her for å sjå nærare på biblioteket til skulen

Opningstider

Måndag - fredag: kl. 07.30- 16.00

Skulebiblioteket er bemanna av bibliotekar, Marianne Supphellen, desse dagane:

  • Måndag:  kl 9 - 14.30
  • Onsdag:  kl 9 - 14.30
  • Fredag:  kl 9 - 14.30

Det er mogleg å vere i biblioteket utover dette, men ver obs på at døra til biblioteket automatisk blir låst utpå ettermiddagen, og at ein difor ikkje kan kome inn att utan nøkkelkort.

Utlånspraksis

Utlån

Alt som skal takast med ut av biblioteket, skal registrerast. Lån skal registrerast hjå bibliotekar eller på sjølvbeteningsmaskina.

Innlevering

Lever til bibliotekaren eller registrer innlevering på sjølvbeteningsmaskina.

Lånekontrakt

Ved skulestart må alle elevar eventuelt føresette viss elev er under 18 år, signere ein kontrakt for lån av læremiddel og utstyr frå skulen. Kontrakten klarerer ansvaret du har som lånar og at du er erstatningspliktig om lærebøker blir borte eller øydelagde.  Alle elevar som følgjer undervisning får låne gratis lærebøker.

Trykk her for å signere lånekontrakta 

Låneavtalen ligg også som PDF-fil her:
Låneavtale for elevar i vidaregåande opplæring skuleåret 2025-2026

Erstatning

Du er sjølv ansvarleg for alt materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må bli erstatta. Etter 2. purring utan reaksjon frå lånar, blir det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar.

Bibliotekar

Marianne Supphellen er bibliotekar. Ho er på biblioteket måndag, onsdag og fredag, kl 9-14.30.

Ta gjerne kontakt for råd og rettleiing,

Marianne.Supphellen@vlfk.no