Kantina vår finn du i første etasje i nye og fine lokale
Opningstider
Måndag til fredag : kl 7.30 – 14.00
Kantina har utval av
ulike bagetter, wraps, salatbar med godt utval, frukt, meierivarer, mineralvatn, assortert utval av småis, diverse småvarer som tyggis, drops, nøtter med meir.
Til tider blir det laga fersk smoothie, lappar, bollar og liknande.
Kantina er ein fin møteplass for alle på skulen. For at vi skal kunne holde det triveleg rundt oss må alle bidra med å rydde etter seg sjølv. Det er noko alle på skulen set stor pris på!
Velkomen innom!
Helsing kantinepersonalet!