Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevar, som du kan oppsøke ved behov. Det er ei gratis, lett tilgjengeleg drop-in teneste på skulen. Helsesjukepleiar tilbyr mellom anna samtalar, rettleiing, vaksinering, prevensjon, oppfølging og eventuelt tilvising vidare. Helsesjukepleiar har teieplikt, men kan samarbeide med heim, skule eller andre hjelpeinstansar der det er ønska eller er nødvendig.  Avtale hjå helsesjukepleiar blir rekna som dokumentert fråvær hvis du har ei avtale.

Skulehelsetenesta sitt kontor er i 3. etasje. Helsesjukepleiar er til stede på skulen kvar dag. Du kan bestille time sjølv, via lærer/ rådgiver eller berre komme innom på kontoret   

 

Helsesjukepleiar Susanne Mead 

Ta kontakt på Teams eller send SMS til 415 61 255 for å avtale time

Du kan til dømes få råd og rettleiing om: 

-    Vanskelege tankar og bekymringar
- ‎   Uro eller konsentrasjonsvanskar 
-    Kropp og helse
-    Søvnvanskar
- ‎   Fysisk aktivitet og kosthald
-    Seksualitet, kjønn, identitet
-    Prevensjonsrettleiing og evt- resept på hormonell prevensjon
-    Seksuelt overførbare infeksjonar
-    Alkohol eller andre rusmiddel
- ‎   Røyk/tobakk og snus 
-    Vener eller familie
-    Anabole steroider
-    Vald eller overgrep
- ‎   Krysskulturelle utfordringar
-    Andre helsespørsmål

Helsesjukepleier kan ved behov tilvise andre hjelpeintanser som t.d. fysioterapeut eller psykolog

Helsestasjon for Ungdom

Elevar ved skulen kan også nytta seg av tilbodet på Helsestasjon for Ungdom (HFU). HFU deler lokale med helsestasjonen som ligg i 2. etasje på Sogndal Helse- og Omsorgssenter, adressa er Plassen 2. 

HFU kan gi rettleiing om seksuell helse og gi prevensjonsrettleieing. Dei setter inn og fjernar P-stav og utfører testing og behandling av seksuelt overførbare infeksjonar. Dei gir også tilbod om samtale om psykisk helse eller det ungdommen ønskjer å snakke om. 

HFU sine openingstider er tysdagar med drop-in mellom 14.00 og 17.15 og sjølvtesting mellom 08.00 og 17.15.