VIP Makkerskap er eit helsefremjande tiltak som handlar om å skape eit godt psykososialt læringsmiljø. Dette er ein av fleire måtar skulen jobbar med psykisk helse på, og det høver òg godt inn under det tverrfaglege området folkehelse og livsmeistring.
Sogndal vidaregåande skule gjennomfører VIP Makkerskap for alle klassane på skulen.
Dette er hovudmåla med makkerskap:
- Fremje elevar si psykiske helse, trivsel og læring
- Styrke elevane sin sosiale og relasjonelle kompetanse
- Ein trygg og føreseieleg skulestart
- Etablere eit godt klassemiljø
- Gjere elevane godt kjende med alle i klassen
- Skape gode arbeidsrelasjonar som fremjar livsmeistring i skulekvardagen
Kontaktlærarane vil dele elevane inn i makkerpar og makkergrupper som blir rullert på etter faste intervall gjennom skuleåret.
Makkerpar og makkergrupper er utgangspunkt for fagleg og sosialpedagogisk arbeid i klassen. Elevar vil slik jobbe med samarbeid og lære seg å vere ein god medelev.
Les meir om prosjektet her: