Hopp til hovedinnhold

Informasjon om rett til meiropplæring i fag

Dersom du ikkje har bestått fag til standpunkt eller eksamen har du rett til meir opplæring. Dette gjeld og dersom du har hatt fråvær på eksamen.

Dei som har gjennomført, men ikkje bestått, opplæringa og har opplæringsrett etter 

opplæringslova  § 5-1 har rett på meiropplæring som elev, jf. opplæringsforskrifta § 5-2. 

 

For vaksne elevar som er tatt inn til opplæring for vaksne (opplæringslova § 18-3), vil retten til meiropplæring gjelde i fag som er del av opplæringa dei får etter § 18-3 

 

Kva er retten? 

Du har rett til meir opplæring dersom: 

  • du har stryk i fag  - får 1 eller IV til standpunkt. 
  • du får 1 eller har fråvær på eksamen  
  • du har følgt opplæringa fram til og med 1.mars. Dette betyr at du ikkje har slutta eller gått over fråværsgrensa innan denne datoen.  

 

Ta kontakt med rådgjevar på skulen du er elev på slik at du kan få råd om korleis du kan fullføre faget 

 

For mange elevar vil ein  likevel vere nøydd til å ta ny eksamen, i staden for ny standpunkt, for at vitnemålet skal bli rett. Dette vil skulen gje råd om.  

 

Frist for å melde seg til meiropplæring 

Fristen for å melde frå om at du vil har meiropplæring i fag frå neste skuleår er 1.juli. Oppfyller du krava til meiropplæring og har søkt innan fristen har du rett på eit tilbod frå neste skuleår. Om du melder ønskje til ein skule om meiropplæring etter fristen (t.d. ved skulestart), vil du berre kunne få tilbod om opplæring dersom skulen har høve til organisere dette for deg.  

 

Slik melder du frå om behov for meiropplæring 

Rådgjevar ved skulen du går på vil hjelpe deg med å søkje.  

 

Kva vil skulen ta opp med deg i ein samtale før du melder deg til meiropplæring.  

Det vil oftast vere fleire ulike måtar å bestå eit fag på, i tillegg til det å meiropplæring mot ny standpunkt. Andre vil  velje å ta faget på nytt ved ein privatisteksamen. Nokre elevar vil ha rett til ny eller utsett eksamen (NUS). Om du har rett på NUS-eksamen kan du samstundes meiropplæring i fag. Dersom du stryk på NUS-eksamen vil du framleis kunne bestå meiropplæringa.

 

 

Kva skjer etter at du har gitt melding? 

Når du har meldt frå om at du ønskjer meiropplæring i eit fag, vil skulen sjekke om du rett til meiropplæring. Du får då eit brev med svar på om du har rett eller ikkje. Dei som har rett til meiropplæring får eit brev der det står at dei vert kontakta av fylkeskommunen (oftast skulen) i løpet av august for å bestemme korleis meiropplæringa vert organisert for deg.  

 

Kva skjer i august 

Dersom du har meldt frå innan 1.juli vil skulen du gjekk på når du fekk karakteren 1 eller IV i faget ta kontakt med deg i løpet av august for å finne ut korleis fylkeskommunen kan gi deg eit tilbod om meiropplæring.  

 

Ulike måtar å organisere meiropplæringa på. 

Skuleåret 2025-2026 er første året ein tilbyr meiropplæring i fag. Fylkeskommunen vil prøve å organisere meiropplæring slik at elevar som er under ordinær opplæring på ein skule og vil kunne meiropplæring ved den same skulen 

 

For elevar under opplæring på VG2 eller VG3: 

  • Dersom dei praktiske tilhøva ved skulen og behovet for komprimert meiropplæring hjå den einskilde eleven tilseier det, kan fylkeskommunen tilby meiropplæring innanfor elevane sin skuledag både i fellesfag og programfag. Dette kan m.a. gjerast ved å bruke fritimar eller eventuelt å omdisponere timar frå andre fag, etter gjeldande reglar.  

  • Ein kan tilby opplæring på kveldstid eller i helgar dersom det passar  både for elev og skulen.  

  • Om dette ikkje er mogleg vil ein tilby å følgje opplæringa i ordinære grupper. 

 

For elevar som er ferdig med ordinære løp i skule (ferdig med VG2/VG3 yrkesfag eller VG3 studieførebuande fag) 

  • Tilbod om meiropplæring nettbasert i fellesfaga og nokre utvalde programfag på studieførebuande 

  • Tilbod om å følgje ordinær opplæring i fellesfag og programfag ved ein skule 

  • Tilbod å følgje komprimert meiropplæring ved ein skule dersom dette vert sett i gong.  

 

Nettskulen vil kunngjere sine tilbod etterkvart som dei er klare. Dersom nettbasert opplæring ikkje passer for deg, vil du få eit tilbod om opplæring på ein skule.