Hopp til hovedinnhold

NRK-producer med ros til MK-elevar

Elevane i 2. klasse media og kommunikasjon på Sogndal vgs har hatt hendene fulle med å levera film til NRK sine sendingar frå NM i skiskyting i Vik i helga. MK har produsert 4 kortfilmar frå Vik. Dei hausta skryt frå NRK sin producer for skiskyttarsendingane Ola Fagerheim. Dei gir eit godt avbrekk i NRK sine sendingar frå konkurransane i Vik seier den erfarne NRK-produceren.

Inspirerande og CV-byggande

For dei 3 elevane Peter Galambos, Sondre Sætrehaug Stedje og Brage Frækaland er produksjonen blant høgdepunkta i deira tid som medie og kommunikasjonselevar

Me skal fylgja med på kvart minutt som vert sendt på NRK seier dei tre.

Det er dessuten ein fin tilvekst til cv-en. Filming for NRK er av uvurderleg verdi når dei seinare søkjer seg inn på film – og medieutdanningar.

Elevane får også skryt av lærarane Axel Tokvam og Inge Kjell Holme som har fylgd dei gjennom prosessen.

Tilgangen på eksterne oppdrag til MK-linja er stor og rett etter påske skal dei på nytt i aksjon med streaming av den store miljøkonferansen på Campus. Denne gongen i samarbeid med Medielabben på HVL.

 

Sjå også saka frå Sogn Avis om dei tre elevane: https://www.sognavis.no/medieelevar-bidreg-til-nm-festen/s/5-115-771631