Her finn du informasjon om publisering av karakterar og informasjon om klagefristar og korleis du går fram for å senda inn klage på karakter
Standpunktkarakterar i fag vert publisert i VIS 7.juni.
Om du vurderer å sende inn klage er det lurt å snakke med faglærar først.
Klagefristen er ti dagar frå du fekk vedtaket om standpunktkarakter. Dersom du ønskjer at klagen din skal behandlast før sommarferien, må du sende klagen innan desse datoane:
- Skriftleg eksamen: måndag 23. juni kl. 12
- Standpunkt, IV, orden og oppførsel og ikkje-skriftleg eksamen: fredag13. juni kl. 12
Om klageprosessen
All informasjon om klage og klageskjema for elevar ligg på denne sida: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/eksamen-og-standpunkt/klage-pa-standpunktkarakter-og-karakter-i-orden-og-atferd/
Før ein evt. klagar er det viktig at ein set seg inn i kva som er klagegrunn og ikkje. Dette kjem og tydeleg fram i sjølve klageskjemaet.
Klage på skriftleg eksamen
Klage på karakter for skriftleg eksamen skal registrerast i VIS.