Hopp til hovedinnhold

Spørjeundersøking for vg1 elevane i samband med føredraget "Sterk, Snill og Ubehageleg"

I samband med at skulen skal ha besøk av Arman Vestad, som skal halde føredrag for foreldre  og føredrag og workshop for elevar og lærarar den 22.10.25, skal det gjennomførast ei spørjeundersøking på førehand. Målet er at dei som held føredraget kan identifisere aktuelle problemstillingar i vårt lokalsamfunn.

Dette er ei anonym og frivillig spørjeundersøking som ikkje krev samtykke frå føresette. Elevane vil svara på spørsmål om livsverda si før føredraget, noko som førebur dei og hjelper med å tilpasse innhaldet.Tema i undersøkinga inkluderer mellom anna; rusførebygging, utanforskap, inkludering, bygging av sterke realsjonar , vennelgheit og økonomisk kunnskap.

Elevane kan velja om dei vil svara på spørsmål om kvart tema. Svarer dei "NEI" på eit tema, går dei automatisk vidare til neste.