Hopp til hovedinnhold

Ynskje om vertsfamiliar i Sogndal

Europeisk ungdom på veg til Sogndal

Gledeleg nyhende! Det er igjen lov til å reise og me er så heldige å få Erasmus-besøk i april!

Sogndal vgs er med i eit europeisk skulesamarbeid med fem andre land. Prosjektet heiter Democracy Matters, Human Rights - the Pillars of Society; eit høgaktuelt tema i desse dagar. Elevar frå SVS har tidlegare vore på utveksling på Kreta og i Tyskland, kor dei budde hjå vertsfamiliar.

No er det vår tur til å ta i mot 20 ungdommar, 4 frå kvart land, til Sogndal. Dei er i alderen 15-18 år og kjem frå Tyskland, Tsjekkia, Hellas, Italia og Nord-Irland.

Har du ungdommar på Sogndal vgs som har lyst til å bli kjent med Erasmus-gjestene våre, har du husrom og tenkjer at det å vera vertsfamilie er kjekt, ta kontakt med Erasmus koordinator Heidi Fondenes.