Hopp til hovedinnhold

Invitasjon til foredrag med Arman Vestad 3.11 kl 18.00

Vi ønsker foreldre/føresette for elevar på vg1 velkomne til foredrag om korleis vi kan hjelpe ungdommar til å bli trygge, robuste og relasjonssterke. Foredraget vert på Sogndal vidaregåande skule i Trollsalen. Påmelding nederst på sida.

 

Vi inviterer til eit spesielt foreldremøte med Arman Vestad, grunnleggjar av programmet Sterk, snill og ubehageleg (SSU).
SSU er eit program som skal førebyggje utanforskap, styrkje klassemiljøet og hjelpe ungdommen til å bli tryggare på seg sjølv og andre.
 
På foreldremøtet møter de Arman Vestad, føredragshaldar og initiativtakar til SSU. Arman har sjølv erfart korleis livet kan ta ei heilt anna retning når nokon vågar å bry seg, og ser moglegheiter der andre ser problem.
Etter at han snudde sitt eige liv, har han i over 20 år jobba med menneske og med å skape gode menneskemøte. Gjennom desse åra har han fått mykje erfaring med kva som gjer det lettare å byggje tillit, skape openheit og snakke om det som er vanskeleg. Samtidig er han oppteken av å lære av andre, også av dykk som er foreldre.
 
Tidlegare på dagen får ungdommane høyre ein ungdomstilpassa versjon av livshistorie til Arman. Føredraga er lagde opp slik at foreldre og ungdommar får ei felles historie å snakke om heime.Nokre gonger er det lettare å snakke om vanskelege tema når vi kan lene oss på andre sine opplevelsar. Kanskje kan Arman si historie opne for samtalar som elles kan vere vanskelege å få i gang.
På foreldremøtet får de også konkrete råd om korleis de kan skape meir openheit og tillit heime, styrkje sjølvbiletet til ungdommen og bidra til eit godt klassemiljø.
 
Dette er eit foreldremøte som handlar om både ditt eige barn og alle dei andre ungdommane barnet ditt veks opp saman med.
Vi håpar så mange som mogleg kjem! For når vi løftar andre sine barn, løftar vi også våre eigne.
 

Pmåelding til foreldremøtet finner dere her: PÅMELDING