Hopp til hovedinnhold

Gode resultat for modulstrukturert opplæring ved Sogndal vgs

Donata Strecke, Gro Hovland ( faglærar) og Konstiantyn Roman

Dei første elevane som har følgt det modulstrukturerte opplæringsløpet i helsearbeidarfaget, har no bestått fagprøven og gått ut i fast jobb.

Modulstrukturert opplæring er eit tilbod særskilt tilpassa vaksne, der delar av utdanninga skjer i bedrift og delar i skulen. Ordninga gjer det mogleg med eit meir fleksibelt løp fram mot fagbrev, noko som er særleg nyttig for dei med realkompetanse eller kort butid i landet. Det er 24 elevar som går på denne opplæringa i dag 

Blant dei som nyleg har fullført er Konstiantyn Roman, som kom til Norge frå Ukraina i 2023. Han tok fagbrev i mars og er no fast tilsett ved Gaupne omsorgssenter. Donata Strecke, som hadde bakgrunn som pleieassistent, har også fullført fagbrevet og fått fast stilling ved Sogndal helse og omsorgssenter.

Erfaringane viser at denne organiseringsforma er ein effektiv veg til formell kompetanse og fast tilsetjing.

Skulen gratulerer dei nye helsefagarbeidarane med vel gjennomført utdanning.