Hopp til hovedinnhold

Informasjon til føresette og ungdommar om Ungdata-undersøkinga i Vestland 2024

Bilete av elev ved pc, Ungdata-undersøkinga i Vestland 2024

I 2024 blir Ungdata-undersøkinga gjennomført i Vestland blant elevar i den vidaregåande skulen. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 4 til 7. Målet er å få ei oversikt over korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida.

UngData informasjonsfilm for elever på videregående skole (vimeo.com)

Føremålet med undersøkinga

  • Gje ungdom ei moglegheit til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i dag.
  • Gje kunnskap som kommunen kan bruke i arbeidet sitt med å gjere ungdommen sin oppvekstsituasjon betre.
  • Skaffe forskingsdata for å få meir kunnskap om unge sin oppvekstsituasjon lokalt, nasjonalt og over tid.

Kva vi spør om i Ungdata?

  • Venner, fritid og mediebruk
  • Familie, skule og nærmiljøet
  • Helse, trivsel og livskvalitet
  • Mobbing, vald og trakassering
  • Regelbrot og rusmiddelbruk
  • Kjønn, klassetrinn og familiebakgrunn (f.eks. landbakgrunnen/etnisitet, bu situasjon og utdanningsnivået til foreldra)

Korleis blir Ungdata gjennomført?

  • Det er sett av éin skuletime til å svare på undersøkinga, som går føre seg med ein vaksen til stades.
  • Undersøkinga blir gjennomført elektronisk ved at ein loggar seg inn på svarsida til Ungdata med ein tilfeldig eingongskode. Det er ikkje mogleg å knyte koden til personen som svarer.
  • Elevane svarer ved å krysse av i spørjeskjemaet.
  • Dei som ønskjer det, kan få spørsmåla og svara i spørjeskjemaet lesne opp. Dette krev at dei bruker hovudtelefonar.

Det er frivillig å delta

  • Ungdommane vel sjølve om dei vil delta eller ikkje.
  • Dei som deltek, kan hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på, og kan slutte å svare undervegs, dersom dei ønskjer det.
  • Føresette til elevar under 18 år kan reservere ungdommen sin frå å delta. Føresette må då gi beskjed til kontaktlærar/skule før undersøkinga startar. Føresette kan få tilsendt spørjeskjemaet ved å kontakte KORUS.

Personvern

  • Alle svar vil bli behandla fortruleg, og ingen enkeltpersonar vil bli kjende att når resultata frå undersøkinga blir publiserte.
  • Personopplysningar vil bli oppbevarte på ein sikker stad fram til utgangen av 2028, der berre eit avgrensa tal på personar har tilgang. Frå 2029 blir data anonymiserte og arkiverte for vidare bruk i forskings- og utviklingsarbeid.
  • Deltakarane har rett til å be om å få sjå kva for personopplysningar som er registrerte om dei, og kan også be om retting og sletting. Sjansen er liten for at rettane kan oppfyllast, sidan det ikkje blir samla inn namn eller andre direkte personopplysningar. Deltakarane har rett til å protestere og klage til Datatilsynet.
  • Det rettslege grunnlaget for å behandle personopplysningar er at Ungdata varetar viktige samfunnsinteresser, og at formålet er forsking.
  • Personverntenesta Sikt (personverntjenester@sikt.no) har vurdert at behandlinga av personopplysningar er i samsvar med personopplysningslova.


Beredskap

Skulehelsetenesta vil ha beredskap etter undersøkinga for elevar som måtte trenge det.

Meir om undersøkinga m/kontaktinformasjon i denne pdf-versjonen.