Hopp til hovedinnhold

Innkalling til digitalt foreldremøte om språktur våren 2025

Kofferter på rad og rekke

Vi kallar inn til digitalt foreldremøte i Teams onsdag 10. april klokka 18.00 for å diskutere korleis turen skal finansierast og svare på eventuelle spørsmål.

Lenke til møte: Klikk her for å bli med i møtet

Sogndal vidaregåande skule, framandspråkseksjonen, har tidlegare i ei årrekke arrangert utanlandsekskursjonar på ca. éi veke for elevane på studiespesialiserande og idrett vg2, til land der dei språka vi har opplæring i, blir brukte. Av ulike grunnar har det ikkje blitt nokre turar sidan 2017, men vi på språkseksjonen ønskjer å kome i gang att med desse turane. Sosialt og fagleg har utbyttet vore positivt, og opplegget har vore eit viktig bidrag til auka grad av måloppnåing i framandspråk. Ein eventuell tur i 2025 vil bli lagt til vår-terminen (i løpet av mars, før påske), og vil gjelde for elevar som då går i 2. klasse på studiespesialiserande og har spansk/tysk på nivå 1 og 2.

Ettersom det er eit viktig prinsipp at vidaregåande opplæring skal vere gratis, må vi understreke at ein slik utanlandsekskursjon ikkje er ein del av den obligatoriske opplæringa, og det er absolutt frivillig om ein vil delta. Dei som ikkje har lyst eller høve til å vere med, vil få eit opplæringstilbod på skulen den tida turen varer. Skulen har heller ikkje høve til å dekke kostnadene ved ein slik tur.

Det betyr at vi må finne ein finansieringsmodell som gjer at dei som har lyst til å vere med, får høve til det, uavhengig av kvar einskild kan bidra med økonomisk. Lova gjev opning for at ekskursjonar kan finansierast ved hjelp av «reelt frivillige gaver og dugnader» som kjem «hele elevgruppen» til gode. Vi vel å tolke ”hele elevgruppen” som dei elevane som melder seg på turen, og som er villige til å bidra til å samle inn pengar til ei felles kasse.  Her må vi også understreke at dette ikkje inneber at kvar einskild elev og føresette skal betale inn sin «andel» for seg, men at alle bidrag skal kome heile gruppa til gode, og at innbetalingane til ein felles konto skal skje anonymt.

Vi ser for oss ein tredelt finansieringsmodell:

  • Skulen tar ansvar for å søke om midlar frå eksterne institusjonar som driv med støtte til opplæring og kulturell utveksling
  • Dei føresette: Bidrar frivillige gåver og hjelper elevane til å finne aktivitetar/ organisere dugnadsarbeid som kan gi inntekter – t.d. for bedrifter
  • Elevane utfører arbeid/tenester som gir inntekter


Skulen har alt starta prosessen med å skaffe midlar til å finansiere turen. Vi har søkt om midlar frå Erasmus+, og har fått tilsegn om 15 000 euro, som då skal fordelast på alle som skal reise, både til Spania og Tyskland. Dette vil berre vere ei delfinansiering av turen (kanskje 1/3?), så om turen skal bli ein realitet, vil vi vere avhengige av eit aktivt engasjement frå elevane og dei føresette for å skaffe resten av midlane. Vi ønskjer derfor innspel til ulike måtar ein kan finansiere turen på. Kan det til dømes vere aktuelt å få til eit samarbeid med ulike bedrifter?

Med vennleg helsing framandspråklærarane ved Sogndal vidaregåande skule