Hopp til hovedinnhold

Invitasjon til foredrag 22.10 kl 18.00 med Arman Vestad

Vi ønsker foreldre/føresette for elevar på vg1 velkomne til eit interessant foredrag om korleis vi kan hjelpe ungdommar til å bli trygge, robuste og relasjonssterke. Foredraget vert på Sogndal vidaregåande skule i Trollsalen. Påmelding nederst på sida.

Kjære foreldre/føresette,

Vi inviterer deg til eit spesielt foreldremøte med Arman Vestad, grunnleggjar av programmet Sterk, Snill og Ubehagelig (SSU).
Dette er eit unikt foredrag for foreldre til elevar på vg1 ved Sogndal vidaregåande skule, der vi saman skal utforske korleis vi kan hjelpe ungdommane til å bli trygge, robuste og relasjonssterke i ei tid med stort press.

Arman delar si sterke historie – frå oppvekst med utanfor­skap, rus og kriminalitet, til å bli økonomisk rådgjevar og ein av landets mest etterspurde foredragshaldarar.
Han gir foreldre konkrete verktøy for korleis ein kan ta dei vanskelege samtalane heime, og korleis små handlingar frå vaksne kan gjere stor forskjell i ungdomslivet.

Foredraget er ein del av Sterk, Snill og Ubehagelig-programmet, som Sogndal vgs deltek i dette skuleåret.
Programmet handlar om å førebyggje utanfor­skap og å styrke ungdommane si robustheit og relasjonelle kompetanse – evna til å tole motgang, bygge gode vennskap og bidra til eit inkluderande klassemiljø.

I forkant av møtet har elevane svart på ei anonym undersøking i samarbeid med Norse Feedback, som gir oss eit verdifullt bilete av korleis dei har det sosialt og psykisk.
Nokre av funna vert presentert på møtet, og foredraget fungerer som ein samtalestartar heime – om vennskap, press, einsemd og val i ungdomstida.

Dette er eit foredrag med både humor, varme og alvor – og passar for alle foreldre som vil forstå og støtte ungdommane sine betre.

Påmelding

 (OBS! Det står Røros vgs eit par stader på denne påmeldinga, det er ein feil som support ikkje har klart å ordne. Sjå vekk frå dette, det er riktig påmelding).