Foreldremøte for vg1 klassane vert måndag 31.august og for vg2 klassane tysdag 1.september. Møta startar klokka 18.00 og varer omlag til klokka 20.00. Møtestad er kantina ved Sogndal vidaregåande skule
Målet med møta er å presentere skulen og sørge for eit godt skule –heim samarbeid. Møta er delt i to med ein fellesdel og ei økt der foreldra møte kontaktlærarane og programområdet eleven er ein del av.
Program for vg1, måndag 31.august
Fellesdelen har følgjande innhald:
Ø Velkomen og informasjon om skulen og satsingar
Ø Trygt og godt læringsmiljø
Ø Fråværsreglement
Ø Informasjon frå politiet
I dei klassevise samlingane med kontaktlærar vil mellom anna dette bli informert om:
Ø Litt om klassen og korleis skulestarten har vore
Ø Litt om utdanningsprogrammet eleven går på
Ø Korleis jobbar vi?
Ø Samarbeid og kontakt med skule og heim
Ø Anna informasjon
Program for vg2, tysdag 1.september

Vel møtt!
Med vennleg helsing
Jorunn Felde
rektor