Hopp til hovedinnhold

Medieelevar i journalistrolla: intervjuoppdrag for Sogn Avis

Fem smilande elevar sit tett i ein sofa.

I løpet av våren 2024 har elevar som går Studiespesialiserande vg2 og vg3, i programfaget medie– og informasjonskunnskap 1, fått prøvd ut korleis det er å vere journalist gjennom eit samarbeid med Sogn Avis og sjølvaste redaktør Arve Uglum. 

Kva er planen til avgangselevar på vg3 no? Kva drøymer dei om i livet, og kva fryktar dei? Dette var spørsmål Uglum var nyfiken på og ønskja at medieelevane skulle finne svar på. Det heile enda opp i ein artikkelserie kalla «vegen vidare» der fokuset denne gong var å finne ut kva planar og tankar vg3 elevar på Studiespesialiserande har om livet etter vidaregåande. Intervjua vart publisert i nettavisutgåva til Sogn Avis i påskeveka.

 Du kan lese intervjua her: https://www.sognavis.no/vegen-vidare/ (ope for alle)