Meir opplæring er ein rett til opplæring for dei som har fullført opplæringa og ikkje har bestått.
Du har rett på meir opplæring viss du i eitt fag har fått:
- karakter 1 i standpunkt eller på eksamen
- IV (ikkje vurderingsgrunnlag)
- ikkje møtt til eksamen
Dette gjeld òg fag du ikkje bestod for nokre år sidan – ikkje berre i år
Slik går du fram:
- Frist:
- Du må melde frå innan 10. august via skjema på fylkeskommunen sine nettsider. Søknadsskjemaet
- Rettleiing:
- Kontakt rådgjevar på skulen din for å få hjelp med søknaden og råd om vegen vidare. Til dømes om du bør ta ny eksamen eller gå opp som privatist.
- Tilbod:
- Skulen vil kontakta deg i løpet av august for å avklare om du får opplæring i ordinære grupper, på nett eller i komprimert form.
Dersom du søkjer etter fristen, kan du berre få tilbod dersom skulen har kapasitet til å organisere det.
Du kan lese meir om ordninga på Vestland fylke si heimeside om Meir opplæring
