Hopp til hovedinnhold

Publisering av karakterar og klagefristar

Slik er årets tidsplan for publisering av karakterar og fristar for å klage i Inschool

Publisering av karakterar i Inschool kjem i år til ulike tider. Karakterane vert synlege for dykk ved midnatt den aktuelle publiseringsdato:

Vg3 ST/ID: 10.juni
Vg2 YF/ST/ID: 15.juni
Vg1 YF/ST/ID+ 3DEAog 3KOSA: 17.juni

Om ein vurderer å klage bør ein fyrst snakke med faglærar.
Klagefristen er ti dagar etter publisering. For hurtigklage er fristen 24.juni.

Om klageprosessen
All informasjon om klage og klageskjema for elevar ligg på denne sida: Klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og oppførsel 
Før ein evt. klagar er det viktig at ein set seg inn i kva som er klagegrunn og ikkje. Dette kjem og tydeleg fram i sjølve klageskjemaet.

Klage på skriftleg eksamen
Klage på karakter for skriftleg eksamen skal registrerast i Inschool.
Gå til vurderingar, bak karakteren er det ein klageknapp