Hopp til hovedinnhold

Invitasjon til storforeldremøte i Sogndal

Norsk narkotikapolitiforening inviterer til foreldremøte med tema ungdom og rus i kantina ved Sogndal vgs torsdag 21.april kl 18:30

Vi får besøk av norsk narkotikapolitiforening torsdag 21.april. Dei skal snakke om situasjonen i ungdomsmiljøet i Sogndal, dei vaksne si rolle og korleis legge grunnlaget for å skape gode og trygge oppvekstvilkår

Invitasjon til storforeldremøte i Sogndal.png

Program:

Velkomen v/ rektor Jorunn Felde

Situasjonen i ungdomsmiljøet i Sogndal slik politiet ser den v/ Jorunn Furuheim

"Bry deg" v/ Torbjørn Nervik. Norsk narkotikapolitiforening er eit foredrag om kva foreldre/vaksne som er i tett kontakt med born og unge bør vite og kva dei aleine og saman kan gjere for å skape gode oppvekstvilkår for dei unge

"Tør du?" v/ Mona og Arne Bratland.Mona og Arne mista sonen sin Håkon 30.september 2017 i overdose og brukar no mykje av sin energi på å forhindre at andre må oppleve det same. Eit foredrag om korleis det er å miste sin son som følgje av overdose og med viktig bodskap om kva såkalla ufarleg narkotika kan medføre

Vi er bekymra over utviklinga og det som skjer kring rus i ein del ungdomsmiljø. Arrangementet har derfor til hensikt både å auke kunnskap og å stimulere vaksne til å legge grunnlaget for å skape trygge og gode oppvekstvilkår