På vegne av Sogndal vidaregåande skule vil vi invitere føresette og elevar i 10 klasse til digitalt informasjonsmøte om toppidrett-satsinga skulen har på klatring. Møtet vert på teams måndag 20. februar kl. 18.00.
I møtet ser vi føre oss at de mellom anna skal få informasjon om følgjande:
- Litt om Sogndal VGS som skule og korleis det er å være hybelbuar i Sogndal.
- Korleis vi gjennomfører toppidrett og spissa toppidrett klatring på skulen.
- Samarbeid mellom skule og klatreklubb/senter
- Korleis søkje spissa toppidrett. Informasjon frå Olympiatoppen.
- Kvifor søke Sogndal VGS.
- Spørsmål.
På møtet kjem det til å vere representantar frå skuleleiing, lærarar i toppidrettsfaget, samt representantar frå Sogndal klatreklubb/senter.
Om det er spørsmål i forkant, ta kontakt med: lars.olav.halleraker@vlfk.no
Helsing Sogndal VGS og Sogndal klatreklubb/senter
Bli med frå datamaskina eller mobilappen
Klikk her for å bli med i møtet
Møte-ID: 324 297 715 004
Passord: XQiHiN