Hopp til hovedinnhold

Undervisningsevaluering

Elevar som utfører laboratorieøving i naturfag

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2022/2023. Målet med evalueringa er at elevane skal få gi tilbakemelding til lærar om korleis dei opplever undervisninga. Skjemaet inneheld spørsmål fordelte på fem tema: motivasjon og meistring, vurdering, støtte frå lærar, læringsmiljøet i klassen og IKT.

Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. 

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Den enkelte elev skal svare på evalueringa ein eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut til evalurering. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre lærarar.

Det er frivillig å svare på undersøkinga, men me oppmodar alle elevar om å delta. Svara blir behandla konfidensielt. Ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med fem eller fleire svar.

Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Vestland fylkeskommune. 

Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Vestland fylkeskommune ved seniorrådgjevar Stig Aasland

 

Klikk her om du ønskjer å lese heile informasjonsskrivet om undervisningsevalueringa