Hopp til hovedinnhold

Berekraftig moro

Ungdomsbedrifta på vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget "Bærekraftig Moro" ved Sogndal vidaregåande skule hadde ein så god ide at Sogn Næring tok kontakt for å høyre meir om kortspelet dei har laga for barn.

Vår rådgjever Ida møtte jentene i «Bærekraftig moro» frå Sogndal videregående skule over Zoom da ho var i panelet for Syretest av ungdomsbedrifter frå Vestland. Ida blei nysgjerrig på idéen deira, og jentene vert invitert til ein prat hjå Sogn Næring. I sist veke møtte dei Ida for ein hyggeleg prat på FUS. Ungdomsbedriften består av Åshild Davidsen Fimrete, Oda Bertine Bondevik Lie og Inga Einevoll Fimreite.

Det som er det morsomste med ungdomsbedrift er det å få bruke kreativiteten vår på ein heilt ny måte. Vi har lagt ganske mange timar ned i dette prosjektet, men det har aldri vert kjedelig. Generelt heile prosessen har vert kjekk”.
- Bærekraftig Moro


Kort fortalt har dei laga eit spel for barn. Kortspele skal lere barna om berekraftsmåla samtidig som dei speler og har det kjekt. Jentene har designa alt sjølv og har hatt fokus på å gjere dei sytten måla så enkle som mogleg å forstå. Målgruppa for spelet er barnefamiliar, dei eldste barna i barnehagen og barneskuleelevar. Protetypen er rett rundt hjørnet og dei har eit mål om å kunne selje spelet som julegåve.

Vi leita etter ein lett måte å lære barn om FNs bærekraftsmål, derfor kom vi opp med idéen om å lage eit kortspel”
- Bærekraftig Moro


Du har moglegheit til å helse på gjengen i Bærekraftig Moro på julemarknaden på Kulturhuset laurdag 3.desember, der du også kan prøve spelet.

Sogn Næring synes det er utruleg kjekt å møte engasjerte, kreative og dedikerte ungdom! Ta gjerne kontakt med Ida dersom du er nysgjerrig på ungdomsbedrifta.

 

Trykk her for å lese heile artikkelen på Sogn Næring sine heimesider