Skuleåret 2025/2026 har 2. klasse på restaurant- og matfag drive to ungdomsbedrifter med stor suksess, overskotet har gått til lokale organisasjonar.
Skuleåret 2025/2026 har vore både aktivt og lærerikt for dei to ungdomsbedriftene i 2. klasse på restaurant- og matfag. Gjennom cateringoppdrag, kakebaking og eigne salsboder har elevane lagt ned ein stor innsats.
Då elevane starta opp bedriftene i haust var det med mål om å finansiere ein felles klassetur til Oslo. Dei vart også samde om at alt overskot etter turen skulle gå uavkorta til velgjerande føremål. Etter ei intern avstemming i bedriftene, fall valet på tre lokale og nasjonale organisasjonar:
- Lions og Løveleikane: Elevane ønskjer å støtte Løveleikane fordi dei synest det er eit utruleg flott arrangement, og dei håpar bidraget kan gjere dagen endå betre for deltakarane.
- NFU (Norsk Forbund for Utviklingshemmede): NFU har i ei årrekke skipa til sin årlege sommarfest på den vidaregåande skulen, der nettopp restaurant- og matfagelevane står for mat og kaker. Elevane ønskte å gje noko tilbake til det dei omtalar som eit av dei kjekkaste arrangementa i skuleåret.
- Utstyrssentralen: Elevane trekkjer fram utstyrssentralen som eit fantastisk tilbod for både elevar og andre i lokalsamfunnet, og dei ønskjer at bidraget deira skal gå til innkjøp av meir utstyr.
Skulen er stolte av samfunnsengasjementet elevane våre har vist ved å støtte desse organisasjonane
